Det Nye

– Det godt å sleppe seg heilt laus med vener som aksepterer deg for kven du er

8. februar 2019   |   Kommentarer

Hilde Skaar aka. SKAAR vil med låta «Wicked Rhythm» minne folk på at det er greit å sleppe seg heilt laus.

Tekst: Andrea Hustad Foto: Adam Falk

Det første møtet Norge hadde med 20-åringen frå Stord, var debutsingelen «Higher Ground» som fekk millionvis av streams, og songen enda opp med å vere i soundtracket til filmen «Battle». Ho varma opp for Sondre Justad på Sentrum Scene før jul, og nå er ho igjen aktuell med si nye låt «Wicked Rhythm».

– Eg tenkjer at alle har sin eigen måte å slå seg laus på. Det treng ikkje å være eit dansegolv. Nokon dansar i dusjen, eller på kjøkkenet når ingen kan sjå dei. Nokon går ut for å hogge ved eller springe seg ein tur, sier SKAAR. Det viktigaste er ikkje kor vi gjer det, eller kva vi gjer. Det er kva vi føle når vi gjer det. Det er den følelsen «Wicked Rhythm» skal gi deg, ifølge artisten sjølv.

Attpåklatten

Den unge vestlendingen starta med musikk i ung alder. Det var likevel syskena som gjorde at det var musikk som falt i smak. Med ein storebror som spelte gitar og ei storesyster som song mykje i kor, låg det rett og slett i korta at den yngste også skulle begynne med musikk. Ho starta med musikk da ho kom inn på kulturskulen med gitar som spesialitet.

– Då eg er attpåklatt ville eg vere akkurat som dei! Sjølv om eg alltid har sunge og elska musikk, var det då eg byrja å spele gitar at det vart ei større interesse. Då byrja eg og å skrive eigne songar, noko som gjorde artistdraumen enda større, seier SKAAR.

Ho skreiv låta attmed dei to svenskane Kristofer Östergren og Theo Kylin. Det var to intense dagar, men sjølv om dagane vart lange, so var energinivået på topp. Med tre energiske menneske i same rom, so vart det rett og slett skapt ein song der ein kan høyre kva type menneske som er bak.

– Songen handlar om å sleppe seg laus. Då me skreiv songen satte me fokus på unge mennesker, der me snakka litt om presset ein føler på om å prestere. «Wicked Rhythm» beskriv kjensla av å endeleg kunne sleppe seg laus, drite i stress, press og berre kunne være seg sjøl! Dette er altså ei ultimat låt om å være ung og dum – og å nyte det! seier Hilde.

«Slepp deg laus»

Artisten har sjøl opplevd presset om å vere perfekt, men ho presiserer at det no til dags er nok noko som både voksne og unge kjenner på. Det er i slike stunder at det kjem augneblink der ein berre får nok. SKAAR skreiv denne låta i von om at publikum slepp taket og føler seg uovervinnelige.

– Då er det godt å sleppe seg heilt laus med vener som aksepterer deg for kven du er, eller å berre slappe av og gi litt faen i alt i eget selskap, sier SKAAR.

«Higher Ground», «Wherever You Go» og «Fever» med Future Duper er allerede tre fantastiske låter som SKAAR kan være stolt av, men den unge artisten er klar til å erobre musikklistene med «Wicked Rhythm». Målet videre er å spille so mange konserter som mogeleg med sitt fantastiske band.  Det er hardt arbeid, store draumar og lojale folk som gjer at ho er der ho er i dag, men SKAAR ville ikkje vært til uten Hilde Skaar.

– Ingen her i verda er like, difor skil eg meg ut i frå andre artistar då det berre fins ein som meg, sier ho.

 

Sjukdom

Ho vart sjuk som 11-åring, og dette endra hennar syn på verda. Det vart ei hindring i oppveksten, men i etterkant gjorde det ho til eit sterkare menneske og videre fekk ho inspirasjon til låtskrivinga.

– Sjukdommen gjorde at synet mitt på verda og menneska rundt meg vart veldig modent i tidleg alder, sier SKAAR.

Allereie i 6.klasse byrja ho å skrive sangtekstar, og ho kjennar at musikken har vokse med seg sjøl. Musikken var hjå ho gjennom ungdomstida og no som ung vaksen. Ho sei at medan hovudet hennar utvikla seg, så vil musikken vekse i takt.

– Når eg skriv låter handlar dei mykje om korleis folk opplever situasjonar sjølv. Eg likar å få fram at veldig ofte har ein eigne versjonar av hendingar i sitt eige hovud. Difor kan det være vanskeleg for meg å skrive kva andre sine opplevingar av ein situasjon er. Det er noko fint med det at ei hending kan bli tolka på utruleg mange måtar i førehald til kven det er som opplever det, seier ho.

 

Musikkens betydning

Musikken ga ho ein identitet, og ho hadde ikkje vært den personen ho er i dag utan musikken. Ho sei at ho hadde vært ein heilt anna person med heilt andre interesser og synspunkt. Med musikken ved hennar side, så har likevel ulike periodar hatt verknad på musikken i seg sjølv.

– Nedturen som påverka musikken min mest var då eg vart sjuk som 11-åring. Musikken min fekk eit stort alvor og det var då eg byrja å sjå på songane mine som viktigare enn før. Oppturar som har påverka musikken har vore gode periodar der sjukdommen har sloppe taket, men og for eksempel forelsking eller gode vener, seier SKAAR.

 

FEM KJAPPE MED SKAAR

Ukas opptur:

Smakte sushi for første gong! Det var digg <333

Ukas nedtur:

Influensa ://

Hva føler du deg fresh i?

Vid høgtlivsbukse med ein kort sweatshirt! Pluss joggesko, elskar komfortable klede!

Tips til andre for å føle seg bad ass?

Ta på deg klede du kjenner deg digg i, høyr på musikk du diggar og dans med venene dine til svetten renn <33

Hva er din favoritt-emoji?